Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Det braut ut brann i ein elbil i Kristiansand torsdag ettermiddag. Ein mann og den to år gamle dottera kom seg så vidt ut av bilen før han tok fyr.
npk@npk.no
Publisert: 09.06.2016 kl 17:37
Mannen reagerte på røyklukt, og fekk stoppa bilen på ein gang- og sykkelveg.
– Eg fekk teke ut dottera mi av bilen og plassert henne i vegkanten. Då eg skulle gå tilbake til bilen for å henta ut meir ting, var han brått fullstendig overtent, seier han til Fædrelandsvennen.
Flammane stod ut av vindauga på bilen, viser eit bilete avisa har publisert.
Ifølgje mannen hadde batteridekselet smelta, og han trur overoppheting av batteriet kan vera årsaka til brannen.
Både far og dotter kom uskadde frå hendinga. Nødetatane blei varsla om brannen kl. 15.45.
– Elbilen tok brått til å brenna. Dekka eksploderte. Alt har brunne opp, seier utrykkingsleiar i Kristiansandsregionen brann og redning (KBR), Øyvind Erland, til avisa. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.