Klargjør siden...
Annonse

Turgåar på Fusafjellet berga

Mannen som hadde gått seg fast på Fusafjellet i Bjørnafjorden kommune i Vestland, er redda ned frå fjellet av frivillige.

Mannen i 60-åra vart funnen av frivillige, skriv Vest politidistrikt på Twitter klokka 18.15 torsdag kveld.

Politiet opplyser at han er uskadd, men kald, og får helsehjelp på staden.

Mannen ringde sjølv til politiet og bad om hjelp klokka 15.39, opplyser politiet til NRK.

Mannen skulle gå ei strekning mellom Strandvik og Venjaneset på Fusa då han gjekk seg bort i eit område der det var bratt og tett med skog.

Både politipatruljar, Røde Kors, Norske Redningshunder og luftambulansen deltok i redningsaksjonen.

(©NPK)