Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Røde Kors-mannskap måtte onsdag kveld bere ein turist opp og ned Trolltunga i Hordaland før han kunne bli henta. Forsvaret har innført restriksjonar på bruk av redningshelikopter.
npk@npk.no
Publisert: 14.07.2016 kl 18:13
Den tyrkiske turisten hadde ramla og skadd seg på veg ned frå det populære bergutspringet i Skjeggedal. Han blei bore i sju timar av Røde Kors-personell før han i 5-tida natt til torsdag blei henta av ATV-er på ein anleggsveg, skriv Bergens Tidende.
– Mannen hadde skadd seg på den verst tenkjelege staden. Han hadde vore på Trolltunga og var på veg tilbake, då han sklei på veg ned Brakufsa. Dette er det brattaste partiet på heile turen, seier områdeleiar Bjørn Arild Fjeldsbø til avisa.
Mannen blei henta fyrst etter at redningspersonell hadde bore turisten heilt til toppen av fjellet der helikopteret kunne lande, før tåka kom og turisten måtte bli bore ned igjen.
– Det blei nokon få timar med søvn, før det var opp igjen på jobb i dag tidleg klokka 8. Det er lange armar og trøytte andlet på folk her no. Dette er eitt av dei tyngste oppdraga vi har hatt. No håper vi berre det roar seg ei stund, seier Fjeldsbø.
Førre veke avdekte Forsvaret ein feil på vinsjen til redningshelikopteret Sea King. Det har ført til at redningsmannskap inntil vidare må bere folk til posisjonar der dei kan bli plukka opp utan vinsj, eller med andre fartøy. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.