Annonse

Redningsskip bringar migrantar til Italia

Det tyskdrivne fartøyet, Alan Kurdi, har fått løyve til å setje dei 125 migrantane som er om bord i land i Italia.

Ei oppmoding frå Alan Kurdi om å setje passasjerane i land har vorte godkjend, og samtidig har ein europeisk prosess for å relokalisere dei fleste migrantane til andre delar av Europa, starta, heiter det i ei fråsegn frå innanriksdepartementet i Italia.

– 80 prosent av migrantane skal overførast til andre europeiske land, uttaler departementet i Roma.

Løyvet til å leggje til kai i ei italiensk hamn kom dagen etter at den tyske organisasjonen Sea-Eye, som driv Alan Kurdi, hadde uttalt at skipet skulle setje kursen mot Marseille i Frankrike og setje migrantane av der.

(©NPK)