Annonse

Regissøren av «Pretty Woman» er død

(NPK-NTB-AFP-Ritzau): Den amerikanske produsenten, manusforfattaren og regissøren Garry Marshall er død. Marshall, som mellom anna regisserte «Pretty Woman», blei 81 år gammal.

Marshall er i tillegg til filmsuksessen frå 1990 med Julia Roberts og Richard Gere i hovudrollene, kjend for mellom anna TV-seriane «Happy Days», «Laverne & Shirle» og «Mork and Mindy». Marshall døydde på eit sjukehus i Los Angeles tysdag som følgje av lungebetennelse etter å ha blitt ramma av hjerneslag tidlegare.

Den første TV-hit-en til amerikanaren var «The Odd Couple», som blei sendt på amerikanske TV-skjermar frå 1970 til 1975. Marshall spelte også sjølv i enkelte produksjonar, mellom anna i 1992-filmen «A League of Their Own». (©NPK)

Annonse