Klargjør siden...

Regjeringa får ris og ros for langtidsplanen

(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk og Birgitte Iversen): I kroner følgjer regjeringa langt på veg ønska til forsvarssjefen i den nye langtidsplanen for Forsvaret. Men kritikarane spør om regjeringa likevel utset dei vanskelege vala.

Både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Norges Offisersforbund meiner at regjeringa ikkje heilt tør å ta dei vanskelegaste vala mellom utstyr og mannskap. Dei peikar alle på at fleire viktige avklaringar for Hæren blir skuva fram i nye utgreiingar.

– Etter tre år med utgreiingar og ikkje noko meir pengar til Forsvaret, vil regjeringa ha enda fleire utgreiingar om Hæren. Dei er gode på utgreiingar, men det må følgjast opp med pengar, seier leiaren av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Anniken Huitfeldt (Ap), til NTB.

– Forsvaret er i dag ikkje tilpassa dei utfordringane vi står overfor, og forsvarsevna må styrkjast. Vi må velje mellom å halde på dagens forsvarsstruktur og å auke forsvarsevna vår. Vårt svar er at det er tvingande nødvendig å auke forsvarsevna i dagens tryggingspolitiske situasjon, seier Søreide.

Ho seier ramma fram mot 2020 skal løftast fram til eit nivå som ligg om lag 7,2 milliardar kroner over nivået i dag.

Forsvarssjefen er likevel fornøgd.

– Eg ser ingen grunn til å klage på det. Det betyr ei seinare opptrapping enn eg tilrådde, men det er fullt mogleg å ta den risikoen på enkelte område, så lenge ein er klar over det og aksepterer risikoen, seier Bruun-Hanssen.

Heilt konkret foreslår regjeringa å fase ut til saman elleve større og mindre anlegg med ein bygningsmasse på over 470.000 kvadratmeter.

Dette er Kjevik, Karljohansvern, Kjeller, Setnesmoen, Grunden 22, Hovemoen, Nærøysund, Trondenes, Åsegården, Harstad Syd, Andøya.

– Det er alltid utriveleg å leggje ned avdelingar, men skal vi modernisere Forsvaret, er vi nøydde til det, meiner han.

Rundt 1.400 forsvarstilsette kjem til å bli overflødige i åra framover, ifølgje den nye langtidsplanen. Bruun-Hanssen seier dette i stor grad vil dreie seg om stillingar i administrasjon og støttefunksjonar.

– Dette gjer vi nettopp for å ha råd til å bemanne opp fartøy, fly og kampavdelingar i Hæren og for å kunne trene og øve dei, seier han.

Bruun-Hanssen strekar under at nedbemanningane skal skje i eit tjueårsperspektiv. (©NPK)

Annonse