Annonse

Regjeringa får terningkast 3 for klimainnsatsen

(NPK-NTB): Nordmenn gir regjeringa terningkast 3 for arbeidet med å kutte utslepp av klimagassar.

– Det er ein liten framgang frå i fjor, så det går rett veg, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Han vel å sjå positivt på det når han får sjå tala i Klimabarometeret for 2016 frå TNS Gallup. Der får regjeringa eit terningkast på 3,1 i snitt for klimainnsatsen, marginalt opp frå eit snitt på 3,0 i fjor.

Berre 8 prosent av dei spurde meiner regjeringa lykkast i arbeidet for å avgrense utsleppa av klimagassar.

– Eg trur karakteren kan auke når fleire opplever effekten av dei langsiktige klimatiltaka våre, seier Helgesen. (©NPK)

Annonse