Regjeringa gir meir pengar til granskinga av Turøy-ulykka

(NPK-NTB): Regjeringa gir inntil 5 millionar kroner meir til Statens havarikommisjon for transport (SHT) i samband med havariundersøkinga av helikopterulykka på Turøy.

– Regjeringa tar ansvar for å sikre at Statens havarikommisjon for transport har budsjettmidlar til å gjennomføre havariundersøkingane av helikopterulykka på Turøy og andre havariundersøkingar på transportområdet i 2016, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

SHT har ansvar for å undersøkje og avdekkje årsakene til helikopterulykka på Turøy utanfor Bergen 29. april, der tolv menn og éi kvinne i alderen 32 til 60 år omkom.

Kongen i statsråd gav fredag samtykke til å bruke inntil 5 millionar kroner meir enn det som er løyvd, ettersom kostnadene i samband med undersøkingane blir høgare enn det SHT har til rådvelde på budsjettet for 2016.

– Det er viktig å undersøkje denne og andre ulykker grundig. Å komme til botns i korleis ein slik ulykke kunne skje, er viktig for dei etterlatne, men det er òg avgjerande for å kunne unngå liknande ulykker i framtida, seier Solvik-Olsen. (©NPK)

Annonse