Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Regjeringa foreslår at Politiets tryggingsteneste (PST) kan vise bort utlendingar som vil reise inn i Noreg, dersom PST meiner at dei utgjør ein tryggingstrussel. I dag er det berre Utlendingsdirektoratet (UDI) som har slik styresmakt.
npk@npk.no
Publisert: 12.02.2016 kl 12:30
Regjeringa sende fredag ein lovproposisjon til Stortinget med forslag til endringar i utlendingsloven. Endringane inneber blant anna at det gjennom forskrift kan bli gitt fullmakt til andre enn UDI til å treffe vedtak om bortvisning i tryggingssaker. I første rekke er det tenkt å gi slik styresmakt til PST.
– I tilfelle kor PST har kunnskap om at det er nokre på veg til Noreg som vil utgjere ein tryggingstrussel, meiner eg det er viktig at PST sjølv har styresmakt til å nekte innreise og vise bort, seier innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp).
Ho viser til at PST har nasjonalt ansvar for indre tryggleik, og er særleg eigna til å vurdere behovet for bortvisning i tryggingssaker.
– I desse sakene er det svært viktig at vedtak kan bli gjort raskt, og utan at det er nødvendig å involvere for mange organ. Sidan ordninga i dag uansett er at UDI som hovudregel skal legge vurderingane frå PST til grunn, er det på alle måtar ei betre løysing at PST sjølv kan treffe vedtak, seier Listhaug.
I saker kor det er nødvendig å treffe utvisingsvedtak som inneber eit framtidig innreiseforbod til Noreg og heile Schengen-området, skal vedtak framleis bli gjort av UDI.
Det er også foreslått enkelte meir rettstekniske endringar. Det er blant anna gjort tydeleg at det er politiet og ikkje UDI som har kompetanse til å treffe vedtak om bruk av tvangsmiddel. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.