Annonse

Regjeringa lovfester rett til gratis leirskule for alle elevar

Det å meistre å overnatte heimanfrå, er ei viktig ferdigheit og ein del av danninga, seier kulturministeren. No blir retten til leirskule lovfesta.

20 prosent av elevane i grunnskulen får i dag ikkje tilbod om leirskole. No vil regjeringa gi kommunen plikt til å tilby gratis leirskuleopphald eller annan skuletur med overnatting som ein del av grunnskuleopplæringa.

- Eit leirskuleopphald er viktig for opplevinga av meistring, for å skape sjølvstendige ungar og for å få sosial kompetanse. Det å fikse å vere på overnattingstur med jamaldra, er ei viktig ferdigheit, seier kulturminister og Venstre-leiar Trine Skei Grande til NTB.

Gratis leirskule har vore ein av kampsakene til Venstre i fleire år, og partiet fekk kravet inn som ein del av Jeløya-plattforma, då dei gjekk inn i regjering i vinter. Nå blir opplæringslova endra slik at kravet blir innfridd.

- Det er heller ikkje alle barn som veks opp i familiar med eit sterkt friluftsliv. Då kan leirskulen vere ein inngang til friluftsliv som fysisk aktivitet, det meiner eg er ein viktig fellesarena, legg ho til.

Skal vere gratis

I dag er det opp til kvar enkelt skoleeigar om dei ønsker å tilby leirskoleopphald eller annan skuletur med overnatting, noko som har ført til at rundt 20 prosent av elevane ikkje får dra på tur.

- Nokre kommunar seier i dag nei til tur og legger opp til at foreldre og elevar sjølv må finansiere ein tur gjennom loddsal, dugnadar og gåver. Det ønsker vi ikkje. Dette handlar om gratisprinsippet i skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

- Vi må sikre at alle elevar får reise på skuletur i grunnskolen, uavhengig av kvar dei bur og om foreldra har råd. Leirskule skal vere ein del av grunnskuleopplæringa og kan gi elevane opplevingar og andre perspektiv på skulefaga. Leirskule for alle vil også vere viktig for å fremme integrering, seier Sanner.

Trine Skei Grande seier at på skular som har elevar frå kulturar kor overnattingsturar ikkje er så vanleg, kan det krevjast ein ekstra jobb for å få foreldra til å vere positive til deltaking.

- Det kan vere at rektor eller lærarar må dra på heimebesøk for å forklare kva det handlar om, seier Grande. Ho strekar under at leirskuleopphaldet er obligatorisk for elevane.

Minst tre dagar

Leirskuleopphaldet blir finansiert gjennom kommuneramma. I tillegg er det eit øyremerkt tilskot på budsjettet til Kunnskapsdepartementet, opplyser departementet.

- Tilskota har vore der og har vore auka, men vi har sett at ein del elevar likevel ikkje får leirskule. Derfor lovfester vi dette no, seier Skei Grande.

Skulane skal sjølv kunne velje korleis turen skal bli organisert ut frå lokale forhold og moglegheiter. Krava som blir stilt, er at turen må vare minst tre overnattingar og at ein del av aktivitetane på turen skal vere opplæring. Turen skal bli planlagt saman med elevar og foreldre, og det skal takast omsyn til ulike behov blant elevane.

(©NPK)

No får alle skulebarn lovfesta rett til gratis leirskule. Denne gjengen frå Vikersund skole var på leirskule på øya Østre Bolærne utanfor Nøtterøy i 2014, då dei fekk storfint besøk av kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon. Arkivfoto: Vegard Grøtt / NTB scanpix