Klargjør siden...

Regjeringa møter EU om liberalisering av handel med kjøt, ost og grønt

(NPK-NTB): Regjeringa møter tysdag EU til forhandlingar om liberalisering av landbruksvarehandelen.

Regjeringa har hatt samtalar med både støttepartia KrF og Venstre, og Arbeidarpartiet, og er klare til å forhandle med unionen, skriv Nationen.

I september i fjor la EU-kommisjonen fram det dåverande EU-minister Vidar Helgesen (H) omtalte som betydelege krav overfor Noreg om liberalisering av handelen med landbruksvarer. Etterfølgjaren hans, Elisabeth Aspaker (H), fastslo overfor Europautvalet i Stortinget nyleg at ein var klare til å møte EU.

Noreg og EU starta forhandlingane om liberalisering av handel med basis i landbruksvarer som ost, kjøt, bær, frukt og grønsaker i februar i fjor. Forhandlingane skjer etter artikkel 19 i EØS-avtalen, som fastslår at reduksjon av handelshindringar skal skje innanfor rammene av landbrukspolitikken i det enkelte land og på gjensidig fordelaktig basis.

EU ventar blant anna ei ytterlegare liberalisering av denne handelen, og også ei endring av tolltiltaka som den raudgrøne regjeringa gjennomførte. Tolltiltaka innebar blant anna ei omlegging frå kronetoll til prosenttoll. (©NPK)

Annonse