Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa om gummigranulat-uro: – Ikkje behov for nasjonal strategi no

Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) ser ingen grunn til å utarbeide ein nasjonal strategi for utbytting av kunstgrasbanane i landet.

Annonse

Regjeringas haldning til gummigranulat-trøbbelet i norsk fotball kjem fram i eit skriftleg spørjetime-svar Ap-statsråd Trettebergstuen har gitt Miljøpartiet Dei Grønes Lan Marie Berg.

Berg viser i spørsmålet sitt til at Reach-komiteen under EU-kommisjonen i Brussel nyleg stemde fram eit forbod mot bruk av gummigranulat. Det ligg an til ein overgangsperiode på åtte år.

På spørsmål om regjeringa vil utarbeide ein nasjonal strategi rundt den omstillinga norsk fotball må gjennom dei kommande åra, svarer Trettebergstuen at det inntil vidare ikkje er nødvendig.

«Regjeringa er i tett dialog med både fotballen og andre aktørar. Saman jobbar vi for å få på plass gode løysingar slik at det ikkje skal gå ut over aktivitetstilbodet til alle landets fotballspelarar. Regjeringa vil løpande vurdere fleire verkemiddel i overgangsperioden», skriv Trettebergstuen.

«Regjeringa ser på noverande tidspunkt ikkje behov for ein nasjonal strategi på området», legg statsråden til.

Ikkje fornøgd

Trettebergstuen påpeikar vidare at forbodet som er vedteke dreier seg om eit omsetningsforbod – ikkje eit forbod mot bruk.

«I dag, gjennom substitusjonsplikten i forureiningsforskrifta, ligg det allereie ein plikt til skifte av ifyll dersom det ikkje medfører vesentleg ulempe. Eg har tro på at det vil skje produktutvikling som fyller behovet for alternativ til gummigranulat, slik at det vil finst gode løysingar innan overgangsperioden er over», skriv Trettebergstuen.

Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje nøgd med svaret frå regjeringa.

– Regjeringa kjem dessverre ikkje med nokon signal til norske idrettslag og kommunar om korleis omstillinga skal skje. Dette har skapt stor uro i idretten, seier leiar Arild Hermstad til NTB.

– Derfor etterlyser eg ei regjering som tek dette på alvor og kjem med føreseielege planar og økonomiske rammer. Vi treng støtte til utvikling av ny teknologi, nye løysingar og nye banar. Regjeringa kan til dømes bidra med momsfritak på alternativ til gummigranulat og sørgje for ei trygg avhending av farleg avfall frå gamle banar, seier han.

«Eit jækla krafttak»

Hermstad meir enn antydar at MDG vil forfølgje saka og gå til ytterlegare grep.

– Regjeringa må komme på banen raskt, viss ikkje vil vi fremje eit forslag på Stortinget for å få regjeringa til å ta ansvar for at folk i alle aldrar kan drive med idrett utan å forureine i framtida, seier Hermstad.

Fotballpresident Lise Klaveness har tidlegare uttalt at fotballen står overfor «eit jækla krafttak» som følgje av EU-forbodet som er på trappene.

NFF ønskjer å gå i dialog med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om saka.

Fotballforbundet estimerer at det er rundt 1900 kunstgrasbanar i Noreg med plasthaldig fyll.

Overgangsperioden på åtte år er ikkje lang nok, meiner NFF. Forbundet har jobba for ein lengre periode på 10–12 år. NFF meiner dei noverande alternativa til gummigranulat ikkje er gode nok. Kork, kokos, olivenstein, furu og bjørk er blant det som blir prøvd ut.

(©NPK)

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) svarte på MDGs kunstgras-spørsmål. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Partileiar Arild Hermstad vil ha handling frå regjeringa. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK