Klargjør siden...
Annonse

Regjeringa opnar for å registrere alle flypassasjerar

(NPK-NTB): Justisminister Anders Anundsen (Frp) opnar for at Noreg kan slutte seg til eit europeisk register for flypassasjerar, eller opprette sitt eige.

Det nye EU-registeret vil innehalde namn, passinformasjon, reiserute, setenummer og kredittkortinformasjon. Det inkluderer også opplysningar om korleis billetten blei betalt, kontaktinformasjon til den reisande, og informasjon om eventuell bagasje.

– Noreg har enno ikkje tatt stilling til etablering av eit PNR-system for Noreg, men når våre nærmaste samarbeidspartnarar både i EU og USA delvis har og delvis kjem til å innføre det, er det naturleg for Noreg å vurdere dette raskt, skriv Anundsen i ein e-post til VG etter EU-møte i Luxembourg torsdag.

Statsråden deltok på ministermøtet som endeleg vedtok å opprette Passenger Name Record (PNR). Direktivet pålegger flyselskap å dele informasjon med styresmaktene om alle passasjerar som reiser til eller frå flyplassar i EU.

Direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet er sterkt i tvil om omfanget står i forhold til nytta av å samle personopplysningane.

– Den einaste grunnen til at ein blir registrert her, er at ein skal ut og reise med fly. Det er eit større inngrep mot personvernet enn å gå etter dei som styresmaktene måtte ha eit søkjelys mot. Dei må dokumentere at det har ein effekt og er eit reelt verktøy i kampen mot terrorisme, og det er vanskeleg å få auge på, meiner Thon. (©NPK)

Annonse