Klargjør siden...
Annonse

Regjeringa skjerpar krava til kunstgrasbanar

Regjeringa har vedteke ei forskrift som ho meiner vil redusere plastforureininga frå kunstgrasbanar med 90 prosent.

Dei nye reglane inneber ei rekkje krav og tiltak til dei som eig og driftar kunstgrasbanar i Noreg. Mellom anna blir det krav om fysiske barrierar rundt banen, snørydding og behandling av snøen som inneheld gummigranulat.

Det blir òg innført tiltak for å hindre at spelarar og dommarar spreier granulat når dei forlèt banene. Eigarane av kvar enkelt bane skal dessutan vurdere om det går an å bruke eit erstatningsmateriale for gummigranulat, og gjere det der det er mogleg.

– Vi tek no eit stort skritt for å redusere ei av dei største kjeldene vi har til mikroplastforureining. Samtidig innfører vi overgangsordningar som skal gjere det enklare for kommunane og idrettslaga som eig desse banane, å gjennomføre tiltaka, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Til TV 2 seier Rotevatn at kostnadene for tiltaka må dekkjast av dei som eig kunstgrasbanane. Dei nye reglane trer i kraft 1. juli, med enkelte unntak:

«For å gjere det lettare for eigarane av kunstgressbanene å gjennomføre tiltalene, vil for eksempel dei mest kostnadskrevjande tiltaka først tre i kraft når banene skal rehabiliterast. Det same gjeld for baner som har fått byggjeløyve etter plan- og bygningslova før reglane trer i kraft», skriv regjeringa.

(©NPK)