Regjeringa vil avskaffe au pair-ordninga – sender nytt forslag på høyring

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) meiner au pair-ordninga liknar meir på ei tenar-ordning enn kulturutveksling. No skal ordninga fjernast.

– Det er ei ordning som ikkje fungerer etter hensikta. Det er ikkje lenger ei kulturutvekslingsordning, som det ein gong var. Ordninga blir brukt for å skaffe seg billig arbeidskraft i heimen, anten til barnepass eller husarbeid, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) til NTB.

Onsdag sender ho ut eit forslag om å fjerne ordninga fullstendig, noko regjeringa også har lova i Hurdalsplattforma. Dette blir gjort ved å fjerne moglegheita for å søkje opphaldsløyve som au pair i Noreg.

– Samtidig blir det lagt opp til gode overgangsordningar, sånn at avviklinga ikkje går ut over dei au pairane som allereie er i Noreg, seier Persen.

– Blir ikkje brukt av folk flest

Arbeidsministeren påpeikar at dei som ønskjer hjelp i heimen, framleis kan gjere det, men at dei då må tilsetje folk på vanlege vilkår.

– Det jo ikkje sånn at det er folk flest som får hjelp til å løyse tidsklemmeutfordringane sine gjennom denne ordninga. Dei fleste som har au pair, bur i eller rundt storbyane. Mange av dei bur i nokre av dei dyraste bustadområda i landet. Dei vil ha høvet til å kjøpe seg hjelp i heimen på anna vis, seier Persen.

Totalt er det no 1.100 personar med gyldig au pair-løyve i Noreg. 85 prosent av dei kjem frå Filippinane. Au pairar får betalt 5.900 kroner i månaden. I tillegg får dei dekt kost og losji.

– Dei jobbar inntil 30 timar i veka, og har berre rett på éin fridag i veka, pluss fri på éin fast ettermiddag i veka. Dei bur heime hos dei dei jobbar for, og dei fleste er veldig langt heimanfrå. Så dette er veldig sårbare arbeidstakarar. Det er også ein av grunnane til at vi ønskjer å avvikle ordninga, seier arbeidsministeren.

– Liknar meir på ei tenarordning

Ordninga vart innført i Noreg i 1971. Opphavleg var det tenkt som ei kulturutvekslingsordning, men arbeidsministeren meiner han ikkje fungerer sånn lenger.

– Det fungerer ikkje. Det er heilt sikkert sånn at viss du bur eit år eller to i ein norsk familie, så lærer du å snakke norsk. Men det åleine betyr ikkje at det er ei kulturutvekslingsordning, seier ho.

Ho meiner at ordninga i dag først og fremst blir brukt av folk som ønskjer hjelp i heimen til ein billig penge.

– Det liknar meir på ei tenarordning enn ei kulturutvekslingsordning, seier ho.

(©NPK)

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen meiner au pair-ordninga ikkje fungerer etter hensikta.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB