Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Regjeringa vil etablere ei flyingeniørutdanning ved NTNU. I revidert nasjonalbudsjett blir det foreslått å bruke 5 millionar kroner til 25 studieplassar i året.
Publisert: 08.05.2023 kl 09:07
– Vi må sikre oss kompetanse innanfor kritiske samfunnsområde, luftfarten er ein av desse. Vi veit at både sivil og militær sektor er heilt avhengige av flyingeniørkompetanse i åra som kjem, både for å utvikle teknologien vidare og tilgang på nok kompetent arbeidskraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).
– I dag finst det ingen slike utdanningar i Noreg. Derfor vil vi bruke pengar på å få i gang eit utdanningstilbod frå 2024, seier Moe.
Studietilbodet skal vere oppe og gå frå og med studieåret 2024/2025.
I meldinga skriv regjeringa at berekningar viser at vi kjem til å trenge minst 20 nye flyingeniørar i året.
– Flyingeniørar er kritisk om vi skal få maks effekt ut av dei nye kampflya våre, maritime overvakingsfly og helikopter, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Han seier dei allereie bidreg med ressursar for å få plass ei femte flyfaglinje på Fosen vidaregåande skule, som skal utdanne fleire teknikarar.
– Men vi treng også ingeniørar. Derfor er denne satsinga for å etablere ei flyingeniørutdanning viktig for Forsvaret, seier Gram.
Dei nye studieplassane blir lagt til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Regjeringsforslaget inneber ei oppstartsfinansiering på 5 millionar kroner i høvesvis 2023 og 2024.
(©NPK)
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier flyingeniørar er kritisk om vi skal få maks effekt ut av dei nye kampflya våre og maritime overvåkingsfly og helikopter. Regjeringa foreslår derfor å etablere ei flyingeniørutdanning ved NTNU. Biletet viser ein F-35-pilot som går over eit F-35 kampfly. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.