Klargjør siden...

Regjeringa vil gi støtte til alle Tine-konkurrentar

(NPK-NTB): Regjeringa vil opne opp for å gi alle konkurrentane til meierigiganten Tine inntil 50 millionar kroner i årleg støtte.

I proposisjonen om jordbruksoppgjeret varslar landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) at det særskilde distribusjonstilskotet blir selskapsnøytralt, ifølgje Nationen.

I dag er Q-Meieriene aleine om å ta imot eit slikt tilskot på 50 øre per liter mjølk, med eit tak på 100 millionar liter mjølk. Med dei nye reglene vil alle Tine-konkurrentar innan drikkemjølk og fløyte få støtte. Ordninga blir finansiert gjennom avgifter på ulike meierivarer.

Bondeorganisasjonane, Tine og LO-organisasjonen NNN går imot forslaget.

– 50 millionar kroner er eit svimlande beløp. Om mange aktørar søkjer vil det få uante konsekvensar, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.

Han tar til orde for at distribusjonstilskotet ikkje må gå til meir enn 100 millionar liter mjølk samla sett og seier konkurransetiltak heller må blir finansiert over statsbudsjettet enn gjennom ordninga med prisutjamning. (©NPK)

Annonse