Regjeringa vil gjere endringar i lotterilova

(NPK-NTB): Regjeringa foreslår å gi helse- og rehabiliteringsformål ein fast del av Norsk Tippings overskot.

Regjeringa foreslår ei lovendring som vil sikre ExtraStiftelsen ein fast del av Norsk Tippings totale overskot, mot at spelet Extra vert overført til Norsk Tippings ordinære portefølje. Det fortel regjeringa i ei pressemelding.

ESA opna i 2014 sak mot Noreg på grunn av ufullstendig regelverk og uryddig praksis på lotterifeltet tidlegare.

– Vi har gjennomført ei rask opprydding i lotteriregelverket for å hindre at ESA tok Noreg til EFTA-domstolen for brot på EØS-avtalen. Ein konsekvens av denne oppryddinga er at alle private aktørar framover må ta omsyn til det same rammeverket og at ExtraStiftelsen ikkje kan særbehandlast, seier kulturminister Thorhild Widvey (H).

Ho seier ExtraStiftelsen gir støtte til mange prosjekt på helsefeltet som elles ikkje ville blitt realisert.

– Eg er glad for at vi har funne ei løysing der ExtraStiftelsen kan vidareføre arbeidet sitt, samtidig som andre formål som i dag får midlar frå Norsk Tippings overskot, vert vareteke, seier Widvey. (©NPK)

Annonse