Klargjør siden...

Regjeringa vil ha digitale helsekort for gravide

Regjeringa vil løyve 26 millionar kroner til utvikling av eit digitalt helsekort for gravide, melder TV 2.

– På høg tid, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) til TV 2.

Gravide kvinner må i dag sjølv ha kontroll på papirlappen som inneheld viktig informasjon om svangerskapet.

I fleire år har gravide og jordmødrer etterlyst ei digital løysing.

I ein budsjettlekkasje til TV 2 avslører Helse- og omsorgsdepartementet at dei set av fleire millionar for å utvikle eit digitalt helsekort.

– Gravide skal sleppe å bere rundt på ein papirlapp i opp mot 40 veker, seier helseministeren.

(©NPK)

Annonse