Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Regjeringa foreslår å redusere klagefristen til grunnlause asylsøkjarar frå tre til éi veke og samtidig fjerne den frie rettshjelpa i avvisingssaker der asylsøkaren ikkje blir sendt tilbake til heimlandet.
npk@npk.no
Publisert: 29.12.2015 kl 15:39
Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) la tysdag fram 40 forslag til ein vesentleg strengare asyl- og innvandringspolitikk, som skal sikre det norske velferdssystemet.
Eitt av forslaga er å redusere klagefristen frå tre til éi veke for asylsøkarar som openbert ikkje har vernebehov. Føremålet er å påskunde og effektivisere saksbehandlingstida i Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.
Eit anna forslag er å fjerne retten til fritt rettsråd ved klager i avvisingssaker. Dette gjeld tilfelle der asylsøkaren ikkje blir sendt tilbake til heimlandet, men får søknaden avvist fordi vedkommande kan returnere til eit tredjeland.
Det går fram av forslaget at asylsøkarane står fritt til å betale advokat sjølv, men at norske skattebetalarar ikkje skal finansiere det. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.