Regjeringa vil kutte i trygd og pensjonar for flyktningar

(NPK-NTB): Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) ønskjer å gjere det mindre attraktivt å komme til Noreg som flyktning. Han varslar kraftige innstrammingar i trygdeordningar og pensjon.

Nokre av innstrammingane skal innførast i 2016, mens mesteparten vil tre i kraft i 2017, skriv VG.

I dag blir flyktningar automatisk medlemmer av folketrygda når dei får opphald, noko som gir dei rett til full alderspensjon og andre trygde- og velferdsytingar. Dette kan det bli slutt på.

– I mange år har flyktningar, takka vere ein særnorsk ordning, fått tilgang til ei rad ytingar frå dag éin, uavhengig av trygdetida deira. Samtidig får ikkje alle andre full alderspensjon før dei har fullt opptent trygdetid. Det er der eg meiner vi må skjere ned, seier Eriksson til avisa.

I tillegg vurderer regjeringa å auke kravet om kor lenge ein må ha budd i Noreg for å ha rett til visse ytingar, og det blir vurdert strengare krav om at flyktningar må komme seg i arbeid eller utdanning. (©NPK)

Annonse