Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Bedrifter som ikkje har læreplassar, kjem til å bli stengt ute frå ei rad kontraktar med det offentlege. Det går fram av eit nytt lovforslag regjeringa legg fram fredag.
npk@npk.no
Publisert: 22.01.2016 kl 08:06
– Vi innfører reglar som gjer at det skal stillast krav om lærlingar når det offentlege gjer sine innkjøp, seier næringsminister Monica Mæland (H) til NRK.
I dag står 9.000 elevar utan lærlingplass. Ifølgje Mæland kjøper det offentlege varer og tenester for rundt 460 milliardar kroner årleg.
– Det er ein betydeleg sum. Det betyr at det er veldig mange kontraktar som blir inngått, og vi seier no at der det er behov for det, skal det stillast krav om lærlingar. Ikkje berre lærling i bedrifta, også lærling på sjølve kontrakten, seier ho.
Kravet om lærlingar skal også gjelde utanlandske bedrifter. Det endelege forslaget er ikkje klart, og det skal ut på høyring, men LO-sekretær Trude Tinnlund er nøgd med det ho høyrer frå høgrestatsråden.
– Vi har lenge bedt om at ein skal forsterke kravet til bruk av lærlingar i offentlege anbod, seier ho. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.