Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Om nødvendig vil regjeringa innføra ein nødparagraf slik at asylsøkjarar som kjem til Noreg via Sverige, kan bli avviste på grensa, opplyser innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp).
npk@npk.no
Publisert: 25.01.2016 kl 18:53
Sist oppdatert: 25.01.2016 kl 19:08
– Vi må vera førebudde på det verste. Vi kan ikkje hamna i ein situasjon som Tyskland og Sverige er i, og må om nødvendig stramma inn meir, seier Listhaug til NRK.
Fredag blei det klart at russiske styresmakter nektar å ta imot avviste asylsøkjarar frå Noreg over grensa ved Storskog i Finnmark. Politiets utlendingseining (PU) fekk melding om dette gjennom media. Listhaug sjølv avviser at situasjonen ber preg av kaos.
– Fleire prøver å seia at dette er kaos. Vi sende ut 200 før jul, og då blei det ikkje mykje merksemd rundt det. Men etter nyttår har mediefolk, hjelpeorganisasjonar og andre engasjert seg, og dermed blir det auka søkjelys.
Ministeren meiner det politiske miljøet må stå samla for å visa at Noreg fører ein streng asylpolitikk.
– Det kan eksplodera til våren om over ein million flyktningar tek seg til Europa. Vi må ha ein konsekvent asylpolitikk, seier ho.
– Vi har no ute på høyring 40 punkt om innstramming, og eitt av dei er ein nødparagraf, fortel Listhaug.
I praksis vil innføring av nødparagrafen bety at grensevakter kontrollerer grensa til Sverige for å hindra at asylstraumen aukar inn til Noreg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.