Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Både Høgre og Framstegspartiet fell markant på Dagens Næringslivs partibarometer for april. Saman med støttepartia beheld likevel regjeringa fleirtalet så vidt.
npk@npk.no
Publisert: 29.04.2016 kl 07:13
Høgre fell 0,8 prosentpoeng til 23,5 prosent på partibarometeret som Sentio Research har laga for avisa.
Frp fell likevel klart mest av alle partia på Stortinget, med heile 2,9 prosentpoeng til ei oppslutning på skarve 14,7 prosent.
– Vi er sjølvsagt ikkje nøgde med talet, men trass enkeltmålingar er trenden at vi held oss relativt bra rundt same nivå som valresultatet. Det er på mange måtar utruleg positivt med tanke på at vi er det minste regjeringspartiet, seier Frps parlamentariske leiar Harald Tom Nesvik.
Miljøpartiet Dei Grøne er det einaste andre partiet som fell. Med ein nedgang på 1,5 prosentpoeng legg partiet seg på magre 2,3 prosent.
Både Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet gjer det godt. Ap går fram 1,2 prosent til 33,4 prosent og er soleklart størst.
Ser ein på blokkene har Høgre, Frp, Venstre og Kristeleg Folkeparti fleirtal med 86 mandat dersom denne målinga blir lagt til grunn. Konstellasjonen med Ap, Sp, SV og MDG får berre 82, mens Ap, KrF og Sp får 84.
Dette er tala: Raudt 1,7 (+0.2), SV 4,4 (+1,0), Ap 33,4 (+1,2), Sp 6,9 (+1,1), MDG 2,3 (-1,5), KrF 6,1 (+0,5), V 5,2 (+0.5), H 23,5 (-0,8), Frp 14,7 (-2,9) og Andre 1,8 (+0,7). (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.