Regjeringsfesten for Ingrid Alexandra kostar 3,7 millionar kroner

Regjeringa arrangerer ein festmiddag for prinsesse Ingrid Alexandra for å feire 18-årsdagen hennar. Prisen for middagen er om lag 3,7 millionar kroner.

Det får VG opplyst frå kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse ved Statsministerens kontor.

– Regjeringa vedtok sommaren 2021 å setje ei ramme på 3,5 millionar kroner for arrangementet. Etter den tid har nokre av føresetnadene endra seg, skriv ho i ein e-post.

Mellom anna har prisane for leige av teknisk utstyr gått kraftig opp. Prinsesse Ingrid Alexandra fylte 18 år 21. januar, men feiringa måtte setjast på vent på grunn av pandemien. Også utsetjinga dreiv opp prisen.

– Dei endelege tala ligg ikkje føre, men etter siste gjennomgang ligg budsjettet for arrangementet på om lag 3,7 millionar kroner.

Middagen blir halden på Deichman hovudbibliotek i Oslo torsdag ettermiddag.

(©NPK)

Regjeringa arrangerer festmiddag for prinsesse Ingrid Alexandra på torsdag. Prislappen er på 3,7 millionar kroner. Foto: Lise Åserud / NTB

Annonse