Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Sol og 25 grader kan raskt erstattast av kraftige regnbyer under opningsetappen i Tour de France i København fredag.
lars.eide@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 01.07.2022 kl 12:02
Sist oppdatert: 01.07.2022 kl 12:13
– Dessverre kjem det ein front med nedbør som treffer ein gong mellom 17 og 18. Det kan fort bli kraftige lokale byer. Sol og varme kan vere plagsamt, men regn er jo det verste med fare for skade. Det skumlaste er at det er fare for torebyer, fortel meteorolog Roar Teigen til TV 2.
Dei største kanonane er vanlegvis blant dei siste som syklar eit Tour-tempo, men i år startar dei tidleg. Jumbo-Vismas slovenske stjerne Primoz Roglic startar som nummer 21 klokka 16.20, medan regjerande meister Tadej Pogacar (UAE) opnar 45 minutt etter landsmannen.
I tillegg har etappefavorittar Filippo Ganna og Wout Van Aert seinare starttid med 17.03 og 17.04.
TV 2-ekspert Magnus Drivenes trur det kan bli skjebnesvangert.
– Viss det blir vått og sleipt, kjem ein til å tape masse tid på å starte seint. Det blir glattare, ein må vere meir forsiktig, og ein kan ikkje ta svingane i same fart. Det kan bli skjebnesvangert, seier han.
Førstemann trillar ut av startbua klokka 16.00, medan siste ryttar tek fatt på den 13,2 kilometer lange tempoen 18.55.
Fem av Noregs seks ryttarar i Tour de France i år er inne blant dei 55 første på startlista:
4) Edvald Boasson-Hagen (TotalEnergies) 16.03
10) Sven Erik Bystrøm (Intermarché-Wanty) 16.09
43) Vegard Stake Laengen (UAE) 16.43
54) Alexander Kristoff (Intermarché-Wanty) 16.53
55) Andreas Leknessund (DSM) 16.54
156) Amund Grøndahl Jansen (BikeExchange) 18.35.
(©NPK)
Primoz Roglic kan få ein fordel kontra rivalen og landsmannen Pogacar dersom vêrmeldinga fredag stemmer. Foto: Daniel Cole/ AP/ NTB.