Klargjør siden...

Regnskogfondet uroleg for utviklinga i Brasil

(NPK-NTB): Organisasjonen Regnskogfondet er uroleg for regnskogen i Brasil etter riksrettsdommen som stadfestar at Michel Temer er den nye presidenten i landet.

Regjeringa til Temer er basert på støtte frå kongressrepresentantar og storbønder som ønskjer å hogga meir regnskog for å rydda nytt land til jordbruk. Blairo Maggi, den største produsenten av soyabønner i verda, er utnemnd til ny landbruksminister.

Riksrettssaka mot tidlegare president Dilma Rousseff enda denne veka med at ho blei avsett.

Dermed er det klart at Temer får behalda makta fram til det skal haldast val i 2018. Til no har han vore mellombels president medan riksrettssaka mot Rousseff har gått føre seg.

– Det er grunn til uro for alle som er opptekne av at regnskogen i Amazonas skal bestå, seier leiar for Regnskogfondet Lars Løvold til NTB.

Han fryktar også at den nye regjeringa i Brasil skal føra ein politikk som svekkjer rettane til urfolk i landet.

Løvold strekar under at det førebels er for tidleg å seia sikkert kva slags politikk den nye regjeringa vil føra. Temer har ikkje teke konkrete grep for å svekkja miljølovgjevinga i perioden der han har vore mellombels president.

Noreg bidreg med store pengesummar til bevaring av regnskogen i Brasil. Pengestøtta føreset at landet kan bevisa at det blir mindre avskoging. (©NPK)

Annonse