Klargjør siden...
Annonse

Reisande blir etterfakturert for flypassasjeravgifta

(NPK-NTB): Onsdag blir den omstridde og utskjelte flypassasjeravgifta innført. Enkelte har fått ekstrarekningen frå reiseselskapet allereie.

– Avgifta blir innført 1. juni, og då blir alle som reiser etter datoen belasta med 80 kroner uavhengig av når dei har bestilt reisa. Det er ei avgift som styresmaktene har innført, og det er ikkje inntekter som går til oss, seier informasjonssjef Elisabeth Larsen-Vonstett i Ving til VG.

Flypassasjeravgifta som regjeringa og samarbeidspartia står bak, skal leggjast på alle avgangar frå norske lufthamner med ein sats på 80 kroner per passasjer, pluss moms, totalt 88 kroner.

– Men momsen skal berre betalast på flyreiser innanlands, seier Larsen-Vonstett til NTB. Difor blir 80 kroner lag på billetten for alle reisande hos Ving over to år.

Ifølgje VG vil Star Tour truleg også etterfakturera kundane sine som har betalt for feriereiser som skal gjennomførast etter 1. juni. SAS og Norwegian opplyser til avisa at dei vil auka billettprisane. SAS vil ikkje etterfakturera, medan Norwegian enno ikkje har teke stilling til spørsmålet. (©NPK)