Klargjør siden...

Reiten om hat trick-haug: – Ho har x-faktor

Lagvenninnene hylla Sophie Román Haug (23) etter at ho i sin første landskamp frå start skåra tre mål og leverte ein målgivande pasning.

– Det er ganske rått å komme og gjere det. Ho har ein x-faktor i boksspelet sitt, og ein motstandar som den vi hadde i dag, var midt i blinken for henne, sa Guro Reiten om Roma-spelaren etter 5-0-sigeren over Albania.

– Ho er ekstrem inne i boksen, og i dag var det mange innlegg. Det var gøy å sjå på, sa Celin Bizet Ildhusøy.

Etter planen skulle Ildhusøy avløyse Haug ved pause, men ho forstår at det ikkje vart slik.

– Det hadde vel litt med miljøet i kampen å gjere. Det var ikkje lett å ta ho ut.

Monstersnitt

Haug hadde berre tre korte innhopp på landslaget før ho fekk oppgåva med å vikariere for ein skadd Ada Hegerberg: Eit kvarter mot Danmark rett før EM, snautt ti minutt mot Austerrike i siste EM-kamp og fem minutt då VM-billetten vart sikra i Belgia. Sjølv ikkje om vi legg til tilleggstid, blir det i nærleiken av ein omgang.

Etter kampen tysdag er ho altså oppe i eit snitt på meir enn eitt mål per omgang i landslaget.

– Eg prøver å gjere så godt eg kan der inne. Det kom mange gode innlegg, og då handla det om å vere på rett plass og få ballen inn, sa Haug til NTB.

– Ho er ein boksspelar, ingen tvil om det. Ho har timinga og alt som skal til, sa landslagssjef Hege Riise om spissen ho kjenner godt frå tida saman i LSK.

Haug gjorde 1-0 med hovudet på innlegg frå Reiten, 2-0 med venstrefoten på stolperetur etter at Ingrid Syrstad Engen avslutta med hovudet på Reitens hjørnespark. Så nikka ho Reitens frisparkserve til Maren Mjelde, som åleine i målgarden kunne gjere den 20. landslagsskåringa si, men den første på fire og eit halvt år. Den førre var mot Kina i Algarve Cup i 2018.

Venta lenge

– Eg har venta lenge på den. Det 19-talet har irritert meg veldig. Det var godt å få han, og så var det veldig kjekt med Sophie som bidrog med tre mål og ein målgivande pasning, sa Mjelde.

Maanum og debutant Marit Bratberg Lund sette opp Haug for hovudstøyten som fullførte hat tricket hennar.

Medan Noreg fekk tre mål frå spissen, vart det også to mål frå stopparplass tysdag. 355 dagar etter at debutant og midtstoppar Guro Bergsvand skåra Noregs første mål i VM-kvalifiseringa, stod debutant og midtstoppar Sara Hørte for det 47. og siste. Målfangsten er ny rekord for Noregs kvinnelandslag i ei kvalifisering, anten det er til EM eller VM. Ikkje verst for eit lag som no har kvalifisert seg til 21 EM- og VM-sluttspel på rad.

– Gøy at Sara skåra. Det finst ingen betre måte å debutere, sa Mjelde om spelaren som avløyste henne i midtforsvaret.

Kapteinsbindet overlét Mjelde til Guro Reiten.

– Assisterande vikar, fekk eg høyre, sa Reiten om å ha kapteinsrolla på landslaget for første gong.

Men til liks med Haug løyste ho vikaroppdraget ypparleg.

(©NPK)

Sophie Román Haug var ustoppeleg i lufta då Noreg slo Albania på Ullevaal. – Ho har x-faktor, sa Guro Reiten. Foto: Lise Åserud / NTB

Sophie Román Haug var omsverma etter å ha bidrege med tre mål og ein målgivande pasning då Noreg avslutta VM-kvalifiseringa med 5-0 over Albania. Foto: Lise Åserud / NTB

Guro Reiten (til v.) er blant dei som hyllar tremålsskårar Sophie Román Haug etter kampen mot Albania. Her gratulerer ho henne som kaptein med 4-0-målet. Foto: Lise Åserud / NTB

Annonse