Klargjør siden...

Rekordbeslag av khat på Gardermoen

(NPK-NTB): Tollarane på Gardermoen inndrog i sommar 225 kilo khat, det er det største enkeltbeslaget i Noreg nokon gong.

Vanlegvis er det fersk khat tollarane inndreg, men det nyaste er tørka khat som gjerne blir sendt frå Hongkong.

– Det er mykje verkestoff i den tørka khaten. Viss du skal samanlikne det med den ferske, er det tre gonger sterkare, seier Hans Wilhelmsen, kontorsjef ved grensekontrollseksjonen Gardermoen, til NRK.

Tolletatens eige laboratorium har testa den tørka khaten.

Folk har i fleire hundreår brukt khat i Afrika og Asia. Stoffa i khat verkar på same måte som kokain og amfetamin, men er ikkje fullt så sterkt. (©NPK)

Annonse