Rekordfå brannar på norske asylmottak

(NPK-NTB): Det er farlegare å bu på hotell enn på eit asylmottak, viser brannstatistikk frå NHO. Talet på alvorlege brannar var rekordlågt på mottaka her i landet i fjor.

Tala, som er utarbeidd av NHO Service og Driftsoperatørforum (DROF), omfattar 119 mottak, 18.026 mottaksplassar og i alt 4.088.050 bebuardøgn i 2015. Av dei 119 mottaka er 59 store, 20 mellomstore og 40 små anlegg.

I 2015 blei det registrert 23 brannar, men berre to av desse var alvorlege og førte til forsikringsoppgjer. Brannane var jamt fordelte på bebuarrom, kjøkken og fellesareal. Alle brannane i 2015 blei sløkte av bebuarar og tilsette før brannvesenet kom fram. Brannvesenet blei tilkalla åtte gonger.

Statistikken viser at det i 2015 var 0,48 alvorlege brannar per million overnattingsdøgn ved asylmottaka. Ved norske hotell var det til samanlikning 2,83 brannar per million overnattingsdøgn.

Statistikken er den mest omfattande som bransjen har gjeve ut til no. Tala er utarbeidde av NHO Service og Driftsoperatørforum (Drof) i samarbeid med UDI, Norsk brannvernforening og Finans Norge, og med innspel frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som utarbeider nasjonale statistikkar på brannområdet.

Den positive utviklinga blir mellom anna forklart med etablering av godkjent varslingsanlegg og sprinklaranlegg i bygg som husar meir enn 20 bebuarar.

Tal frå Sverige, der det har brunne 180 gonger på asylmottak sidan 2012, viser at éin av ti brannar er påsette, fortel Sveriges Radio. Dei fleste brannane kjem av ulykker. (©NPK)

Annonse