Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Sør-Korea har registrert 1.842 nye smittetilfelle av koronavirus det siste døgnet. Det er det høgaste talet på eitt døgn til no i landet.
vaktsjef@ntb.no/margunn.sundfjord@npk.no
Publisert: 22.07.2021 kl 07:47
Talet omfattar ei besetning på 270 som var om bord på eit krigsskip som deltok i eit antipiratoppdrag utanfor det austlege Afrika. Dei vart tidlegare i veka sende heim til Sør-Korea etter å ha testa positivt.
Medrekna døgntalet som vart presentert torsdag, har landa registrert totalt 184.103 smitta sidan pandemien braut ut, og dessutan 2.063 koronarelaterte dødsfall.
Dei siste vekene har smittespreiinga skote fart i Sør-Korea, samtidig som vaksinasjonsarbeidet går sakte, folk er mindre årvakne på smittetiltak enn før, og den meir smittsame deltavarianten spreier seg.
(©NPK)
Ein helsearbeidar tek koronatest av ein mann på eit testsenter i Seoul. Landet har no hatt 16 dagar med over 1.000 nye registrerte smittetilfelle dagleg. Foto: Ahn Young-joon / AP / NTB