Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Éin av fem innbyggjarar i Tyskland var i fjor personar med innvandrarbakgrunn, opplyser tyske styresmakter.
npk@npk.no
Publisert: 16.09.2016 kl 13:27
Det utgjer totalt 17,1 millionar menneske, opplyser styresmaktene fredag. Det er det høgste talet nokosinne, og 4,4 prosent fleire enn i 2014.
Dei fleste har bakgrunn frå Tyrkia, Polen og Russland, opplyser styresmaktene.
Dei fleste av dei om lag 1 million flyktningane og migrantane som kom til Tyskland i 2015, er likevel ikkje inkluderte i tala.
Tyske styresmakter sin definisjon av innvandrarbakgrunn inkluderer personar som ikkje blei født med tysk statsborgarskap, eller personar der minst éin av foreldra ikkje blei født med tysk statsborgarskap. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.