Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Årets rekordvarme sommar kan føre til auka skredfare på Svalbard, meiner klimaforskar.
Publisert: 01.09.2023 kl 17:04
– Vi ser ei kraftig endring i sommartemperatur i forhold til det nokså stabile regimet vi hadde på store delar av 1900-talet. Eg er uroleg over denne utviklinga og følgjer den tett, seier klimaforskar Ketil Isaksen ved Meteorologisk institutt til Svalbardposten.
Sommartemperaturen på Svalbard lufthamn enda på 7,7 grader. Det er ny varmerekord. Temperaturauken fører til at frosten i bakken tiner meir enn normalt. Som følgje av det blir skråningane mindre stabile enn normalt.
Det kan føre til auka fare for jord- og flaumskred i Longyearbyen til hausten. Isaksen oppmodar derfor til å vere ekstra varsam.
– I haust er det er greitt å vere ekstra observant på dette i nærleiken av busetnad, veg og der folk oppheld seg, seier han.
I 2016 gjekk det fleire jord- og flaumskred i området rundt Longyearbyen, og mange måtte evakuerast frå heimane sine.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.