Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB). Ein kvinneleg rektor er i Romsdal tingrett dømd til fengsel i 60 dagar for grovt underslag av pengar foreldrerådet ved skulen hadde samla inn.
npk@npk.no
Publisert: 12.05.2016 kl 19:43
Rektoren var tilsett ved ein skule på Nord-Vestlandet og fekk sparken frå stillinga da underslaget vart oppdaga, skriv Sunnmørsposten.
I alt dreier det seg om 137.088 kroner. Pengane var innskot frå arbeidsutvalet til foreldrerådet (FAU) ved skulen. Pengane skulle gå til elevføremål som lunsj, spel og andre arrangement.
Underslaget skjedde i ein periode på over to år, og kvinna overførte både FAU-pengar til sin private konto og betalte private rekningar frå FAU-kontoane. I tillegg sette ho inn FAU-kontantar på privatkontoen sin.
Romsdal tingrett meiner at det er skjerpande at det straffbare forholdet gjekk føre seg over lang tid (to år og ni månader), og at den sikta hadde ei særleg ansvarsfull stilling ved skulen.
Rektoren har lagt alle korta på bordet, og saka vart avgjort med tilståingsdom. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.