Klargjør siden...

Rektor endrar på kjønnsdelt SFO-plan

(NPK-NTB): Etter sterk kritikk mot eit kjønnsdelt SFO-opplegg ved ein skule i Trondheim, droppar rektoren namna guteklubb og jenteklubb og gir barna større valfridom.

I SFO-planen der barna 1,5 time kvar veke skulle vere med i enten ei jente- eller gutegruppe, innebar blant anna at gutane kunne sjå fram til alt frå PC-dag og fart og moro i gymsalen til vaffeldag og rebusløp. Jentene skulle gjennom hausten lage armband, såpe og pennal, og blei dessutan lokka med ein dag med neglespa.

Trondheim-ordførar Rita Ottervik (Ap) fortalde onsdag at alle rektorane har fått beskjed om at ein slik praksis må bli avvikla. No seier rektor Kristin By Vollset ved Steindal skole at SFO-klubbane får nye namn, melder NRK.

– Vi skal ikkje kalle det guteklubb og jenteklubb lenger. Vi skal også gi større valfridom blant gutar og jenter. Aktivitetane har ungane gleda seg til, og dei vil vere som planlagt. Politikarane bestemmer føringane i skule og SFO, som rektor held eg meg til det, seier Vollset.

Ordninga med jente- og guteklubb ved Steindal skole har eksistert i ti år, og blei til etter elevane sine eigne ønskje.

– Dette er ein liten del av det totale SFO-tilbodet som elevane faktisk har. Vi har hatt fokus på barn sin medverking og at dei fekk komme med idear til kva dei ville gjere. Det har vore populært, seier Vollset. (©NPK)

Annonse