Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Lene Andersen la 18 økologiske egg frå Rema 1000 i rugemaskin. Resultatet vart kyllingen «Rema».
npk@npk.no
Publisert: 02.08.2016 kl 08:27
Det tok 21 dagar å klekke dei økologiske egga frå Solvinge, skriv Framtid i Nord.
– Ei venninne sa at eg måtte prøve å klekke dei, og mest på artig gjorde eg det, seier Lena Andersen.
Det er første gong Andersen har prøvd seg på klekking av butikkegg, og ho vart veldig overraska over at det kunne gi liv til ein kylling. Frå før av har ho tre andre kyllingar klekte frå gardsegg kjøpt lokalt.
Kommunikasjonssjef Øyvind Arum i Rema 1000 kallar klekkinga eit mirakel.
– Egga blir gjennomlyste og kvalitetssikra før dei endar nedkjølte i ein butikk. Så når nokon nyttar rugekasse og får til å klekke ein kylling, er ikkje dette anna enn eit lite mirakel, seier Arum.
Ifølgje leverandøren Den Stolte Hane skal det mykje til for at økologiske egg er befrukta, men det kan skje.
– Eventuelle befrukta egg har same kvalitet som ubefrukta, sidan det aldri har vore starta nokon rugeprosess under 38 graders forhold over mange dagar og veker, seier kvalitetssjef Christin S. Bjønnes hos Den Stolte Hane. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.