Rema-sjefen politimelder konkurrentane

(NPK-NTB-Mats Rønning): Rema 1000-sjef Ole Robert Reitan politimelder 120 av butikkane til konkurrentane for brot på reglane for søndagsope. Sjølv skulle han helst sett at søndagen var handlefri.

– Eg synest det er ganske fint å kunne rusle rundt i byen éin dag i veka utan at det er så mykje støy og trafikk. Eg trivest med at den eine dagen er annleis, seier Reitan til NTB.

Måndag stod Rema 1000-sjefen fram som Brustad-buas fremste forsvarer utanfor Sentrum politistasjon i Oslo. Overfor eit stort pressekorps forklarte han kvifor butikkjeda melder 120 av butikkane til konkurrentane NorgesGruppen, Coop og Bunnpris for brot på lova som regulerer søndagshandel.

Han seier Rema 1000 har skaffa til vegar nødvendig dokumentasjon i politimeldinga. Dei 120 butikkane skal vere større enn regelverket gir rom for, i tillegg til at varer på oppfordring frå kundane vert henta ut av stengde delar av lokalet.

– Vi har vore ute på søndagar med kamera og skrittmålar og sjekka, seier Reitan, som sjølv ikkje tør å garantere at Rema 1000 held stien sin rein.

– Eg kan ikkje garantere at dei 18 butikkane våre som held søndagsopen, alltid følgjer regelverket til punkt og prikke, men vi har gjort mykje for å forsikre oss om at så er tilfelle, seier han.

– Vi meiner vi praktiserer lovverket. Vi må vurdere politimelding og sjå om det er noko vi kan kritiserast for, seier Per Roskifte, konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i NorgesGruppen til VG.

Dei melde butikkane høyrer til i hovudsak NorgesGruppen, men politimeldinga omfattar også fire Coop-butikkar og 21 Bunnpris-butikkar.

Coops kommunikasjonsdirektør Bjørn Takle Friis meiner det heile smakar av eit gedigent PR-stunt frå Reitans side.

– Vi er opptatt av å halde oss til regelverket og skal undersøkje omstenda rundt dei fire butikkane våre som er melde, seier han til avisa.

– Vi får kikke på desse politimeldingane, men eg er temmeleg sikker på at det vil vise seg at vi også denne gongen har papira i orden, seier Bunnpris-sjef Christian Lykke.

Rema 1000-sjefen hadde helst sett at dagens regelverk består, med nokre tilpassingar. Han meiner det bør krevjast at ein søndagsopen butikk har eiga adresse – med eiga varelevering.

– Då blir det lettare å handheve dagens regelverk med 100 kvadratmeter salsareal – utan moglegheit til utnytting av regelverk, utvide salsareal og utydelege retningslinjer og arbeidstider for tilsette, seier han.

– Det er komisk at store butikkar brukar mange pengar på å tilpasse lokala til drift den sjuande dagen i veka. Tanken var jo at kjøpmannen på hjørnet skulle få eit ekstra konkurransefortrinn, men sånn er det ikkje blitt, seier han. (©NPK)

Annonse