Møre

Møre

Frå storbyen Bangalore til vesle Volda

Kishore Satwal underviser yoga både i Volda og Ørsta.

Kishore hadde aldri sett føre seg eit liv utanfor India, men no bur han i ei hytte på fjellet ovanfor Rotevatnet, lærer seg norsk, studerer mastergrad og er yogainstruktør både i Volda og Ørsta. Alt dette samstundes som han jobbar med ein spennande forskingsrapport.

Møre
Møre

Publisert:

– Alt som har skjedd hittil har vore magisk, seier Kishore Satwal (26), om reisa frå heimlandet India til den nye heimstaden på Vestlandet. Indaren vaks opp i Bangalore, hovudstaden i den indiske delstaten Karnataka, og fortel om ein audmjuk bakgrunn i enkle kår.
– Som barn tenkte eg at å skulle reise til eit anna land ikkje var noko for meg. Vi visste ikkje eingong namna på andre land, vi sa berre «utlandet», seier han og held fram,
– Eg hadde aldri sett for meg eit liv utanfor India og at eg skulle bu og studere i Volda. Det berre skjedde.

Første møte med nordmenn
Kishore har rukke å gjere mykje i løpet av sine 26 år. Etter gymnaset tok han ein bachelor i journalistikk i Bangalore og jobba deretter som journalist i storbyen.
– Å vere journalist i India kan vere veldig vanskeleg. Eg har alltid vore oppteken av sterke saker, og har skrive om politikk, kriminalitet og barn og kvinners rettar. I løpet av den tida eg arbeidde som journalist vart den indiske regjeringa meir og meir ekstrem og konservativ. Eg kom ofte i konflikt på grunn av sakene eg skreiv, forklarer han.
I 2014 fekk han ein spesiell sjanse. Dagbladet var i India for å lage ei stor sak om klesindustrien i landet, og Kishore vart hyra inn for å sanke informasjon.
– Dette var mitt første møte med nordmenn. Dei fortalde meg mykje om Noreg og om Volda, sidan ein av journalistane hadde studert der.
Då Kishore året etter starta på mastergraden sin i Bangalore, bestemte han seg for å ta eit utvekslingssemester. Han hadde éin stad i tankane, nemleg Volda. Dette har han aldri angra på.
– Utanom India har eg aldri kjend så stor tilknyting til ein stad som Volda. Eg kjenner meg veldig heime her.
Kishore er eit friluftsmenneske og fortel at han brukar mykje tid ute i naturen. I Volda såg han dessutan snø for aller fyrste gong.
– Eg budde med ein skiinstruktør og han lærte meg å stå på ski og vart raskt ein av mine beste venner. Eg har nok falt over tusen gongar, men det går fint. Ski er faktisk noko av det kjekkaste eg har prøvd, seier indaren og ler.

Forskar på yogafilosofi og spirituell turisme
Då utvekslingsopphaldet var ferdig, var det dags å reise tilbake til India for å fullføre mastergraden. I tillegg byrja han å jobbe med ei aktivistgruppe, med fokus på barne- og kvinnerettar.
– Det var eit rikt år med mykje opplevingar og nye erfaringar. Eg kom tett på politikarar, aktivistar, leiarar, folk som ville gjere noko meiningsfullt i Bangalore, men eg forstod også kor komplisert og korrupt systemet i India er. Alt eg ville var å gjere livet betre for barn og kvinner, men systemet sviktar oss alle, seier han oppgitt.
– Det er mange som arbeider heile livet med å forsøkje å endre samfunnet, men det kan verte eit farleg liv. Skriving, film og foto er min store lidenskap, men ikkje i Bangalore, seier han og held fram at bestemte seg for å bevege seg over i ei meir akademisk retning, og at eit liv som lærar kunne vere like meiningsfullt. Dermed reiste han attende til sin andre heimstad, Volda, for å starte på ein master i media og journalistikk ved Høgskulen. Samstundes byrja han på forskingsrapporten sin som handlar om yoga, yogafilosofi, individualisme og spirituell turisme.
– Ideen kom til for to år sidan då eg var utvekslingsstudent her. Eg studerte religion og vart godt kjend med religionslæraren, Jonas Gamborg Lillebø, som lik meg er veldig interessert i spiritualitet, yoga og filosofi.

Yogaen sine helsegevinstar
No er dei i gong med å forske på det som Kishore vonar kan verte ein akademisk tekst ein gong i framtida.
– Vi er framleis i startfasen av prosjektet for vi er begge svært opptekne, han med lærarjobben og eg med mastergraden min. Det er eit komplisert og stort emne, så vi tek oss tida og har ingen deadline, forklarar han.

– Kva er målet med forskingsrapporten?
– Som yogainstruktør har eg sett at mange nordmenn er interesserte i yoga, men dei fleste har òg heilt andre forventingar og forståing for kva yoga er, samanlikna med i India.

– Korleis då?
– Majoriteten i den vestlege kulturen ser på yoga som ei fysisk treningsøkt, men yoga er meir som ein livsstil, ein kombinasjon mellom fysisk, mental og spirituell helse. Det handlar om velvære, korleis forstå den menneskelege mekanismen ved hjelp av enkle bevegelsar, og korleis energiane i kroppen kan påverke di mentale helse, forklarar han og held fram,
– Det vert som ein meditasjon, subtilt og kraftfullt. Men, det må ikkje forvekslast med religion og har til dømes langt djupare røter enn hinduismen.

Lærte yoga i dei indiske fjella
Kishore lærte seg yoga då han var 12 år, på ein yogaskule i heimbyen. Elevane hadde teori i byen og i feriane reiste dei til fjella for å bu og praktisere der, vekke frå kvardagens mas og kjas. For eitt år sidan byrja han å undervise yoga i Volda og like før sommaren fekk han jobb som yogainstruktør ved Aktiv treningssenter i Ørsta.
– Eg har tilpassa ei rutine som er fysisk, men som òg inneheld mykje pusteøvingar. Den eldste i gruppa er 75 år og veldig sterk. Eg er imponert over kor god fysisk form folk er her i området, dei veit korleis dei skal ta vare på kroppen sin, seier Kishore som er glad for at mange finn yoga interessant.
– I det moderne samfunnet lever vi hektiske liv. Det er rart å tenkje på kor mykje informasjon vi konsumerer dagleg, og få av oss har nok tid til seg sjølve. Psykiske sjukdommar dukkar opp og stadig fleire nyttar seg av Antidepressive legemiddel. Dersom ein held den fysiske og mentale helsa i ei lik rytme, er sjansen langt mindre for å verte mentalt sjuk, meiner Kishore.

Bur i ei hytte i skogen
Indaren har teke steget litt lenger med å lausrive seg og finne roa vekk frå den hektiske kvardagen mange opplev. I sommar budde han to og ein halv månad i eit telt i Voss heilt aleine, og ved studiestart valde han å flytte inn i ei hytte som ligg på fjellet ovanfor Rotevatnet. Dette er ei hytte som vart bygd av ein tidlegare student, og som fleire har forsøkt å bu i.
– Saman med ein studiekamerat leitte eg etter hytta, og det tok ei stund før vi fann ho. Den er veldig lita, med berre eitt rom med to små senger, eit lite bord i midten og ein vedomn langs veggen.
Hytta var rusten og taket lakk. Dei bestemte seg for å fikse og reinske henne opp.
– Målet mitt var å prøve å bu her i eit år, men eg er no ikkje så vant til kulde, så vi får sjå kor det går når vinteren kjem, seier Kishore lattermildt.
Det tek om lag 40–50 minutt å gå til den vesle hytta frå Rotevatnet. Det er ikkje elektrisitet i hytta, vatn får ein frå ein liten bekk, og så er det sjølvsagt utedo. Etter ei stund innsåg Kishore at han måtte nøye seg med å leve hyttedraumen på deltid.
– Eg har hatt veldig travle dagar med skule og arbeid, så eg har fått meg ein hybel i tillegg. No bur eg halve veka i hytta og resten på hybelen i sentrum.

Leve i nuet
I fjellet ved hytta kan ikkje Kishore bruke telefonen sin, men indaren synest det er godt å kople ut teknologien.
– Vi har det så lettvint i vårt moderne samfunn, og vi eig veldig mange ting. Eg føretrekker ein enkel og minimalistisk livsstil. Det er godt å leve litt primitivt og i kontakt med naturen, med å hogge sin eigen ved for så å brenne den for varme, seier han med eit smil.

– Vert det ikkje litt kjedeleg der aleine i skogen?
– Nei, eg har aldri kjeda meg og eg kjenner meg heller ikkje einsam. Dette har blitt ein personleg stad. Eg les mykje her, speler gitar, mediterer, eller gjer ingenting, berre er.
Kishore fortel at han finn Volda fantastisk, og at det er spennande å lære seg norsk.

– Kunne du tenkje deg å flytte til Volda permanent?

– Eg likar ikkje å planleggje, men heller leve i nuet. Eg skal vere her eitt par år til for å arbeide med mastergraden og forskingsrapporten, og så får vi sjå, avsluttar Kishore på flytande norsk.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...