Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 04.11.2016 kl 18:00
Kjetil Helmut Masuhr har den siste tida gjennomført ei fagprøve i anleggsgartnarfaget. Etter mykje hard jobbing kom dommen.
Publisert: 28.10.2016 kl 18:00
Oline Johanne Jensine Gjersdal frå Tilseth Blomster kvalifiserte seg til NM ved å ta 1.-plass i distriktsmeisterskapen i Møre og Romsdal, der ho vart kåra til beste læring i fylket.
I dag er han nyheits- og sportsredaktør i nyheitskanalen TV 2. Han har vunne skup-diplom for sin journalistikk og måtte bu på hemmeleg adresse. Men før alt dette var han ein fotballglad gut som vaks opp på Vallabøen i Ørsta.
Publisert: 21.10.2016 kl 18:00
I februar sto Karl Frode Slettedal sitt 1600 kvadratmeter store fjøs ferdig i Rognestøylsdalen. Her har han plass til 150 dyr. Desse får vere i moderne omgivnader og med det siste innan robotar og luftesystem.
Publisert: 16.10.2016 kl 07:00
Hausten er godt i gang, og gradestokken kryp nedover mot null. Derfor kan det vere smart å gjere hagen klar for den komande årstida.
Publisert: 14.10.2016 kl 18:00
Johs Jacobsen er allereie i full sving med klargjeringa av julemiddagen. Det første pinnekjøtet og fenalåra er alt klart og folk har allereie sikra seg det populære kjøtet.
Publisert: 07.10.2016 kl 18:00
Hornindal omsorgssenter stilte med testpanel. Dei kåra den beste av fem kornølslag.
Publisert: 30.09.2016 kl 18:00
Saman med 29 andre deltok Ann Lauren Ose på ei stor missekonkurranse på Filippinane i sommar.
Publisert: 16.09.2016 kl 18:00
Volda vokal rundar denne hausten 25 år. Dette er ingen høg alder samanlikna med dei mange tradisjonsrike bygdekora. Fleire songarar har då også vore med like frå starten, øvingslokalet har heile tida vore Volda Frikyrkje, og gjennom heile 19 år, med visse avbrot, har Magnar Åm vore dirigent...
Publisert: 09.09.2016 kl 18:00
Kokkane på Sagafjord hotell på Sæbø har hausta mykje ros for maten sin i sommar. Rekekveldane har samla omlag 140 personar. Av desse mange frå Ørsta/Volda. Elles er heile verda representerte på gjestelista.
Publisert: 02.09.2016 kl 18:00
I to veker var Ingeborg Sævik Heltne «medseglar» på skipet Statsraad Lehmkuhl, og saman med kring 80 andre segla dei både i Spania og Portugal.
Publisert: 26.08.2016 kl 18:00
I vår var Aldin Hodzic (29) frå Volda med på å sette ny fartsrekord i verda på longboard i ein undersjøisk tunnel, Eiksundtunnelen. Den erfarne brettkøyraren seier stuntet kom til nokså tilfeldig.
Publisert: 19.08.2016 kl 18:00
Vidar Innselset frå Volda var 6. august med i det som vert omtala som verdas tøffaste triatlon, nemleg det 226 kilometer lange «The Norseman», som går frå Eidfjord i Hardanger til Gaustadtoppen i Telemark.
Publisert: 12.08.2016 kl 18:00
Jobben som ordførar kjem på langt meir enn 80 prosent for Stig Olav Lødemel. Det syter kommunereforma for.
Publisert: 08.08.2016 kl 08:43
Medlemane i Ørsta Jakt og Fiskarforeining stelte i førre veke i stand ein super fiskedag for born og unge.
Publisert: 05.08.2016 kl 18:00
Ho brenn for å bevare båten MS Hindholmen som levande museum, og har alltid eit prosjekt på gong. Også på natta blomstrar kreativiteten til Brit Aarseth (78).
Publisert: 04.08.2016 kl 07:00
Laurdag vart det arrangert «Maritim dag» på Vartdal, med MS Hindholmen i fokus. Mange møtte opp for å få med seg eit variert program, med både bacalao, foredrag og operasong.
Publisert: 29.07.2016 kl 18:00
Etter ni år som leiar for Volda rideklubb trekkjer Edle Holmin seg frå vervet, men ikkje utan merksemd.
Publisert: 29.07.2016 kl 15:11
Sommaren 2016 vart ikkje slik Simen Bjørdal (22) såg føre seg for berre nokre månader sidan. I helga spelar Rotlaus sin 17. konsert sidan 3. juni. Slik håpar trommisen å kunne fortsette.
Publisert: 22.07.2016 kl 18:00
Anne Lone Johnsen (49) stortrivst som lærar ved Øyra skule, og gler seg over at den nye skulen snart står ferdig
Publisert: 22.07.2016 kl 08:59
Anne-Lise Fredly (70) seier seg ikkje biten av basillen, men gjennom mobilen har dama fanga nær 30 skapningar i det populære spelet Pokemon Go, som har spreidd seg som ein farsott.
Publisert: 18.07.2016 kl 16:18
Rune Krumsvik (54) har arbeidd i politiet sidan 1985, og han erfarer at yrket har endra seg dramatisk i perioden.
Publisert: 24.06.2016 kl 18:00
Du kjenner han kanskje att frå ei scene nær deg, som vokalist i bandet «Lommerosk». No er Eirik Trovåg Bjørneset og resten av bandet ferdige på Volda vidaregåande skule, men dei har ingen planar om å gi seg av den grunn.
Publisert: 21.06.2016 kl 12:36
Åslaug Elisabet Nedrelid fylte førre helg 90, men er framleis ei aktiv og engasjert dame. Ho er glad i å gå turar, besøkje venar og slekt, og reise. – Eg er takksam for kvar dag, seier den oppegåande jubilanten.
Publisert: 10.06.2016 kl 18:00
Han har sete nær 30 år som formann og styreleiar i VTI og VTI Allianse. No er det over og ut med alt som heiter idrett for Ketil Kroken.