Møre

Møre

Med bankande hjarte for veteranbilar

Gunnhild er spesielt glad i denne første veteranbilen ho skaffa seg, ein Opel GT. Den har ho hatt sidan 1994, og køyrer lange turar på treff med.

Om du ser ein knallraud eller grå veteranbil langs vegane med ei dame bak rattet, kan det vere Gunnhild Vassbakke Dale som er ute på tur. Ho køyrer mykje bil, både i jobbsamanheng og på privaten. Fleire blankpolerte glis står på tunet og i garasjen, for Gunnhild har eit bankande hjarte for veteranbilar!

Møre
Møre

Publisert:

– Eg har ikkje alltid vore interessert i bil, utan om at vi brukte å sitte i vegkanten å skrive bilnummer før i tida, då vi var små. Bilinteressa vart vekt då eg kjøpte ei bok om bilar i julepresang til mannen min i 1986, kan den blide dama fortelje.

- Men han var ikkje noko interessert i bilar, så det vart eg som las den mest. I boka var det spesielt ein type bil som fanga meg, ein Opel GT! Eg fekk den aldeles på hjernen, greidde ikkje leggje frå meg tanken på at ein slik, skulle eg skaffe meg, held ho fram. Slik starta det.

Opel GT favoritten
I 1994 kom det ein stilig, grå Opel GT på tunet, draumen var oppfyld. Dette er framleis favorittbilen til Gunnhild, sjølv om det kom fleire veteranbilar til. For tida er ho den stolte eigar av i alt fire ulike veteranbilar, i tillegg til moderne bruksbilar.

-Eg har hatt endå ein veteranbil, og angra bittert på at eg selde den, seier ho vidare. -Det var ein Folkevogn Transporter, ein slik med delte frontvindauge. Den var heilt spesiell! Eg har prøvd å kjøpe den tilbake, men det gjekk ikkje, kan ei litt skuffa Gunnhild seie.

Little red Corvette

– Det er helst bilar frå femti -og sekstitalet som appellera til meg, fortel ho vidare, og viser veg inn i garasjen.
Der er blikkfanget: ei blankpolert, knall raud Corvette Stingray frå 1972.

- Denne har eg hatt i tre år no, og vert brukt ein god del, i tillegg til GTèn. Alle bilane er køyrbare og i bra stand.

Fiat 500 med «symaskinmotor»
Ein skjønn liten Fiat 500, 1962- modell finn ein også i garasjen. Den har berre 18 hestekrefter, går som ein symaskinmotor, men er svært fin og strøken.

-Fiat 500 vart eg så glad i, fordi det var ein slik bil far min hadde aller først, og som eg har mange gode minne om, kan Gunnhild fortelje. Ho er oppteken av historie, og viser at ho bryr seg om bilane sine.
-Om vinteren set eg på varmepumpa i garasjen, så dei ikkje skal fryse. Dei må ha godt stell, kan Gunnhild fortelje vidare.

Fiaten er av dei, der dørene er hengsla feil veg, og noko spesiell! -I Fiaten tok eg med svigerdottera mi, Merete og barnebarnet mitt Benedicte, på tur ein gong, minnast ho.

-Det var trongt om plassen, men det gjekk bra, seier ho og ler godt.

Det manglar ikkje på humor og glede på denne herlege dama! Ho er så visst noko for seg sjølv, og takk og pris for det!

-Ja, det er lenge sidan eg slutta å bry meg om kva folk seier om meg, dei ler nok godt, men eg er meg sjølv og vil halde fram med det.
Slik skal det låte!

Mini Morris
-Eg har tre søner, der to av dei, Lasse og Yngve, er heilt galne etter Mini`ar! Det er liksom deira greie, det, men eg har altså denne eine. Eg veit ikkje kor mange dei har kvar, seier Gunnhild, og fortel at dei seier denne vil dei slost om etter henne, men då trua ho med å ta øksa og kløyve den i to, for slåsting vil ho ikkje ha noko av!

-Eg kan faktisk overnatte bak i denne når eg er på tur, seier Gunnhild.

-Eg legg ned sete, då vert det akkurat nok plass til meg bak i der, humrar ho.

Eg er då ikkje så stor! Nei, rådlaus er denne kjella ikkje! Ho veit å nytte plassen, og set pris på dei enkle gledene.

GT-treff fleire plassar i Europa

På skjorta til Gunnhild står det Opel GT framme. På baksida er det ramsa opp fleire stadar i Europa, der det er halde treff for likesinna entusiastar for Opel GT kvart år sidan 1993. Gunnhild har deltek på fleire slike treff, heilt frå 1995. Mannen hennar, Knut, er med henne på desse turane. Dei kan leggje bak seg opp til 180 mil kvar veg på ei slik reise i GT`en.

- Den lengste turen var til Sveits, det gjekk bra. Vi synest det er svært artig å treffe att same folket år etter år, og sjå på bilane. Iallfall synest eg det, Knut har trua med å ikkje vere med nokre år, men vert då med likevel, ler ho.

-Dei fleste damene som er der, er med mannen sin. Her er det motsett; mannen er med meg. Det er berre eg som er så sær, smiler ho, og fortel vidare om planane.

50 års jubileum for GT i år

Dette året er det GT-treff i Sør-Tyskland, men det er usikkert om Gunnhild og Knut vil ta turen dit.

Sidan GT-bilane har 50 års jubileum i år, skal det også haldast jubileumstreff i Russelsheim i Tyskland, der Opel vert produsert. Dette skal skje i september. Der skal 75 originale GT-bilar vere med, det vert omvising på fabrikkane knytt til produksjon av delar og karosseri, og fleire småturar i lag rundt om i distriktet. Gunnhild har meldt seg på med bilen sin, men veit ikkje endå om ho får plass. Dersom dette går i boks, vert det berre denne turen for henne og Knut med GT`en i år.

-Eg håpar verkeleg å få kom med, seier ho og kryssar fingrane.

Ho er medlem i GT-klubben i Åland, då det ikkje er slik klubb her i Noreg.
-Ein gong feira vi 17. mai på Åland, der vi var på eit minitreff. Det var veldig kjekt, minnast ho.

Sjeldan dame med god smak!
Ho fortel levande om lidenskapen for veteranbilar, om mange fine opplevingar, og det sosiale med folk som deler same lidenskap.

Til dagleg held Gunnhild styr på rekneskap i familiefirmaet, både for fabrikken Brødrene Dale AS, og butikken som sonen Yngve har i Ørsta. Stor familie har ho og. Men bilane får sin del.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...