Møre

Møre

På cowboyferie i Amerika

Gjengen samla utanfor The Bird Cage Theatre, som opna i Tombstone 26. desember 1881. Teateret måtte stengje i 1892, etter at arbeidet i sølvgruvene vart avslutta, men rakk å huse verda sitt lengste samanhengande pokerspel. Kortspelet gjekk døgnet rundt i åtte år. F.v: Trine Funderud, Gunvor Bjørdalsbakke Skaar, Helene Fjellving Solbakken, Isabell Øye, Per Ove Mundal, Anne Stine Foldal Aam, Marit Bjørdalsbakke Skaar, Gunnar Bruland, Espen Loe Haukedal, Liv Jorunn Nyhagen, Jan Even Myklebust og Monica Fjørstad. Foto: Privat

Veke 13 reiste eit knippe hestefolk frå regionen på ein ferie utanom det vanlege. Turen gjekk til Arizona.

Møre
Møre

Publisert:

Sist oppdatert: 08.04.2019 kl 10:26

Reisefølgjet var samansett av to voldingar, sju ørstingar, ein ålesundar og to frå Førde, som alle kjende kvarandre frå før i større eller mindre grad. Målet for reisa var Little Ranch Weberg i Pearce, ein småby sør for Phoenix. Ranchen låg på grensa til nasjonalparken Chiricahua National Forest, og på ein av rideturane reid vi så langt sør at vi såg muren mot Mexico. For somme i reisefølgjet var dette fyrste besøk i Amerika, og vi innsåg raskt at rykta om at alt er stort «over there» stemte.

På konsert med Garth Brooks

Den fyrste natta tok vi inn på hotell i Phoenix, for å få med oss ein konsert med den kjende countrystjerna Garth Brooks laurdag 23. mars. Konserten var på State Farm Stadium, eit steinkast frå hotellet, og samla kring 90.000 country-entusiastar(!). Dette var ei stor oppleving! Det var òg imponerande å sjå kor kjapt og greitt det gjekk å fylle og tømme stadion, og kor roleg og ryddig alt gjekk føre seg. Spesielt var det òg å sjå heile arenaen lyssett av titusenvis av mobiltelefonar under ein av balladane.

Varma opp med kort ridetur på tre-fire timar

Etter konserten vende vi snuten sørover mot ranchen, og vi fekk med oss soloppgangen i det vi køyrde inn på plassen. Nokre få timar søvn seinare var vi klare til å ta fatt på den fyrste rideturen. Søndag reid vi ein «kort» tur på tre-fire timar i nærområdet kring ranchen, for å bli kjende med dei tildelte hestane. Hestane var jamt over stødige som fjell, men glade i å strekke på beina når dei fekk lov. Det tørre og flate landskapet var litt av eit syn for oss nordmenn, og mykje bilete vart tatt undervegs.

Kino på terrassen

Måndag skulle vi på langtur i same området. Då reid vi eit godt stykke sørover, slik at vi fekk sett muren mot Mexico i det fjerne. Om kvelden diska vertane våre, Eirik og Kaja, opp med utekino på eit oppspent lerret på terrassen. Då såg vi filmen Tombstone frå 1994, som tok føre seg hendingar i byen med same namn. Popkorn stod sjølvsagt på menyen, medan coyotane hylte i det fjerne.

Tombstone, den eldste bevarte westernbyen

Tysdag var det ein spent gjeng som skunda seg ut av sengene. Då skulle vi nemleg vitje byen Tombstone, den eldste bevarte westernbyen i Amerika. På vegen dit åt vi frukost på ein lokal diner attmed vegen, i lag med dei fastbuande. Vi svinga også innom grava til Johnny Ringo, ein kjend revolvermann frå traktene. Framme i Tombstone var det ei spesiell oppleving å traske gatelangs i fotspora til Wyatt Earp og Doc Holliday, og vi fekk med oss både museumsbesøk og shopping i bygningane som hadde stått der sidan 1800-talet. Sidan Tombstone ikkje ligg langt frå grensa til Mexico, vart det bestemt at vi skulle kysse grensa for å ete middag i grensebyen Naco. Der snakka dei færraste engelsk, men vi gjorde oss forstått og vart servert god mat og drikke for ein rimeleg penge.

25–30 grader i skuggen

Onsdag var det ny langtur på hesteryggen, og vi fekk sett litt av fjellheimen i nasjonalparken bak ranchen. Seks timar tok turen, inkludert lunsj på ei demning oppe i fjellet. Sjølv om rykta sa at klapperslangane ikkje var vakne så tidleg på året, fekk vi jammen sett ein som gøymde seg under eit tre på heimvegen (!). Vi hadde jamt over svært godt vêr under heile opphaldet, med strålande sol og 25–30 grader i skuggen på dagtid.

Tønneløp, ribbon race og sortering av kveg frå hesteryggen

Torsdag skulle vi ikkje ri på tur, då lasta vi hestane på hengar og køyrde dei til ein annan ranch ein times tid unna. Der fekk vi prøve oss på tønneløp, ribbon race og sortering av kveg frå hesteryggen. Første økt bestod av mykje fart og spenning, medan andre økta gjekk i roleg tempo. Å få kalvane til å lystre var ikkje berre lett, men som fleire påpeika: Vi fekk litt av ei meistringskjensle når alt gjekk som det skulle! – You are all hired, spøkte rancheigaren frå tilskodarplass. På heimveg svinga vi innom Keeling Schaefer vingard, der vi fekk ei eksklusiv omvising. Avslutningsvis fekk vi prøvesmake fem lokale vinar, den eine betre enn den andre.

Den mest spektakulære turen

Fredag var siste dag på ranchen, og det var duka for den mest spektakulære turen under opphaldet. Hestane vart nok ein goang lasta på hengar, og vi reiste for å ri i Ciricahua National Monument, ein nasjonalpark med fine turstiar og spesielle steinformasjonar. Turen tok om lag seks timar i roleg tempo, og førte oss opp til om lag 2.600 meter over havet. Utsikta var spektakulær frå alle vinklar, og hestane tok seg imponerande godt fram i det ulendte terrenget. Ei stor oppleving og fin finale på ei flott veke.

Heilt ekte

Marit Bjørdalsbakke Skaar summerer turen slik:

– Det beste synest eg var at det var heilt ekte, ikkje glorifisert. Vi fekk kjenne ranchlivet på ekte på ein måte. Vi såg aldri på klokka, berre var til stades.

Ho trekkjer vidare fram den fine naturen, solnedgangane og ein stjernehimmel ein aldri får sjå her heime.

– Det var heilt fantastisk!

Unik atmosfære

Trine Funderud er samd. Ho likte at det var heilt autentisk, og ein unik atmosfære og følelse av å vere til stades.

– Naturen var fantastisk og ein kjem så nær frå hesteryggen. Eg synest også alle historiene Eirik (rancheigar) fortalde var spennande, og vi fekk ei passeleg blanding av hest og andre opplevingar, seier ho.

Vil på tur igjen

Alle turdeltakarane stiller seg bak desse utsegnene. I «det ville vesten» stod tida nær stille, og det var godt å berre vere til, utan klokke, internett og mas. Frå ranchen tok det ein halvtime å køyre til postkassa, og kring ein time til postkontoret/nærbutikken. Likevel mangla vi ingenting, og allereie på flyet på heimveg starta planlegginga av ein ny tur.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...