Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Jon Fredriksens riggselskap Seadrill har fått driftsresultatet meir enn halvert frå fjerde kvartal 2014 til same periode i fjor. Samtidig stig aksjen kraftig på børsen.
npk@npk.no
Publisert: 25.02.2016 kl 09:39
Seadrills omsetning i fjerde kvartal var 959 millionar dollar (rundt 8,3 milliardar kroner), ein nedgang frå 1.261 millionar dollar.
Totalt for 2015 viser rekneskapen til riggselskapet eit underskot etter skatt på 750 millionar dollar, mot eit overskot på 4,1 milliardar dollar året før.
– Oljebransjen er inne i ein alvorleg nedtur. Våre prioriteringar for 2016 blir å spare pengar og ta hand om finansieringsbehova. Vi har ein moderne, konkurransedyktig flåte, ein solid driftshistorie og ein ambisjon om å posisjonere oss for ei gjeninnhenting i sektoren, seier Seadrill-sjef Per Wullf.
Driftsresultatet fall frå 452 millionar dollar i fjerde kvartal 2014 til 223 millionar dollar i same kvartal 2015.
Seadrill var blant vinnarane då Oslo Børs opna torsdag formiddag med ein aksjeoppgang på heile 8,1 prosent. Sidan nyttår er likevel kursen halvert, og det siste året har nedgangen vore 83 prosent. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.