Klargjør siden...
Annonse

Rettssaka mot Kristian Valen utsett

Rettssaka mot komikar og artist Kristian Valen, som er tiltalt for ulovleg våpeninnehav og narkotikaregelbrot, er utsett.

– Vi fekk onsdag denne veka ein utvida tiltale, noko som medførte at det ikkje var mogleg å gjennomføre rettssaka som planlagt, seier Valens forsvarer Bernt Heiberg i advokatfirmaet Elden til Nettavisen.

Ifølgje VG seier Heiberg at den utvida tiltalen medfører behov for betydeleg meir bevisføring frå Valens side.

– Politiet estimerer sjølv at den nye tiltalen krev dobbelt så lang tid i retten, seier Heiberg.

Valen skulle opphavleg møte i Oslo neste veke. Ny dato for rettssaka er førebels ikkje kjend. Han er tiltalt for ulovleg våpeninnehav etter at politiet fann eit halvautomatisk gevær i heimen hans i februar 2020.

Det er i tillegg inndrege minst 34 våpen, og politiet har gjort beslag av tablettar med narkotiske verkestoff, ifølgje VG.

(©NPK)

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Annonse