Annonse

Ribéry saksøkjer CNN

(NPK-NTB-Reuters): Bayern München-stjerna Franck Ribéry saksøkjer tv-giganten CNN for 1,5 million dollar. CNN skal utan løyve ha brukt eit bilete av Ribèry til å illustrere ei sak om kryoterapi.

– Franck Ribéry har aldri gitt CNN løyve til å bruke dette biletet av han, sa Riberys advokat Carlo Alberto Busa til fransk radio fredag.

Ifølgje Reuters skal det dreie seg om eit bilete tatt av Ribèry i ein såkalla kryoterapi-boks. CNN skal ha publisert biletet som eit illustrasjonsfoto på Twitter-kontoen sin. Den aktuelle saka handla ikkje om han.

– Franck Ribéry og familien hans har bedt meg saksøkje for 1,5 million dollar i fransk rett, sa advokaten til Bayern-spelaren.

Kryoterapi er ifølgje snl.no ein kirurgisk teknikk som vert brukt til fjerning av vev eller celler. Teknikken vert blant anna brukt til å behandle solskadar. (©NPK)

Annonse