Annonse

Rift om billettane til historisk skøyte-VM på Hamar

På tre timar vart det selt 15.000 billettar til skøyte-VM på Hamar, som blir VM-historias første kombinerte sprint- og allroundmeisterskap.

Verdsmeisterskapen blir arrangert i Vikingskipet frå 28. februar til 1. mars kommande år.

- Dette blir den største skøytefesten i Noreg på mange år og er ein stor motivasjonsfaktor for alle løparane våre denne sesongen. VM på heimebane er ikkje noko ein opplever så mange gonger i ein skøytekarriere, seier sportssjef Lasse Sætre i ei pressemelding.

Generalsekretær Håkon Dahl i skøyteforbundet opplyser til NTB at 12.000 billettar framleis er tilgjengeleg for sal.

I sprint-VM i år tok Håvard Holmefjord Lorentzen bronse på 1000 meter. I Vikingskipet skal bergensaren prøve å sikre seg edlare metall. Sportssjef Sætre opplyser at dei norske løparane er godt i rute før sesongstart.

- Eg merkar at stemninga blant utøvaren er veldig god og at mange er gira på å vise seg fram på Hamar, fortel han.

Førre verdsmeisterskap Hamar arrangerte, var allroundmeisterskapet i 2017.

(©NPK)

Håvard Holmefjord Lorentzen skal prøve å kjempe om gull når skøyte-VM blir arrangert på Hamar i vinter. Det blir det første kombinerte sprint- og allroundmeisterskapet i VM-historia. Foto: Harald Wisthaler / NTB scanpix

Lasse Sætre er sports- og utviklingssjef i Norges Skøyteforbund. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix