Annonse

Riggarbeidar var på lugaren då han døydde

(NPK-NTB): Mannen som omkom på ein oljerigg i Nordsjøen i romjula, mista livet inne på sin eigen lugar då ei kjempebølgje trefte plattforma ved Troll-feltet.

53 år gamle Rune Morten Narvåg døydde onsdag i førre veke då brotsjø trefte bustadkvarteret på COSL-riggen på Troll-feltet til Statoil i Nordsjøen.

Han var tilsett i Aker Solutions og medlem av Industri Energi.

– Rune var på lugaren då brått ei kjempebølgje knuste veggane i bustadkvarteret. Han blei berre 53 år gammal, skriv Industri Energi på nettsidene sine, melder Aftenbladet.

Politiet i Stavanger har oppretta undersøkingssak etter hendinga, men så langt er ingen avhøyrde.

Marius Parmann, pressetalsmann for COSL, seier dei ikkje ønskjer å spekulere i korleis 53-åringen kunne døy inne på lugaren.

– Det er sett i gang to uavhengige granskingar for å finne ut nettopp det. Det vi veit skjedde er at brotsjø trefte bustadmodulen. Vindaugsventilar blei slått inn i eit tal lugarar. Korleis og kvifor dette kunne skje skal vi finne meir ut av gjennom granskingane, seier han til Aftenbladet.

Ytterlegare to personar, også dei medlemmer av Industri Energi, blei lettare skadde i ulukka. (©NPK)

Annonse