Riiber diska i Seefeld

(NPK-NTB): Jarl Magnus Riiber trudde han gjekk inn til tredjeplassen i Seefeld fredag, men vart seinare diska på grunn av at han mangla transponderbrikke. Tyskaren Eric Frenzel vann igjen.

Riiber gjekk inn til tredjeplass etter at han slo Fabian Riessle i spurten, men kort tid etter vart det klart at nordmannen vart diska.

Det skjedde fordi han gjekk utan ein såkalla transponderbrikke som tar tida. Utøvaren har sjølv ansvaret for å gå med denne.

– Guten har gjort eit kjempeløp, men blir korrekt diska. Han er ein ung utøvar. Det skal ikkje skje, men det er noko som kan skje. Han er svært lei seg etter kjempeløpet, sa sportssjef Sverre Rotevatn.

Seefeld-spesialisten Frenzel var nummer to etter japanaren Akito Watabe etter hopprennet i den austerrikske skimetropolen. I skisporet var det likevel klasseforskjell mellom dei to. Frenzel vann akkurat som han ville, og tok sin niande strake verdscupsiger i Seefeld.

Watabe heldt unna til andreplass.

Jan Schmid vart beste nordmann på ein sjuandeplass etter at Riiber vart diska, mens veteranen Håvard Klemetsen vart nummer åtte. Sistnemnde var nummer fire etter hopprennet.

Jørgen Graabak gjekk eit godt langrenn og vart nummer 13, mens Magnus Krog måtte nøye seg med ein litt skuffande 23.-plass. Espen Andersen og Mikko Kokslien vart høvesvis nummer 28 og 38.

For Magnus Moan starta verdscupkonkurransane i Seefeld på den verst tenkjelege måten. Den norske veteranen vart til liks med Riiber diska. Trønderen hadde feil på hoppdressen, og fekk ikkje delta i rennet fredag.

– Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie. Dette er veldig skuffande. Eg følgde dei same prosedyrane som tidlegare, men i Seefeld har det vorte ein ny praksis på kva som er lov og ikkje. Sesongen er på mange måtar allereie øydelagt, sa Moan oppgitt.

Han er dermed også ute av konkurransane laurdag og søndag i Austerrike. No må Moan sjå fram til verdscuprenna i Holmenkollen og Granåsen.

– Eg skal prøve å mobilisere så godt eg kan til renna på heimebane, sa han.

Dermed må dei andre nordmennene forsvare æra resten av helga.

– Det vart ein tung dag når to av dei beste vi har, er ute. Dette er eit stort høgdepunkt, og vi skal prøve å halde fram best mogleg, sa Rotevatn.

Verdscupkonkurransen fredag er den første i Nordic Combined Triple i Seefeld denne helga. (©NPK)

Annonse