Riise med i AaFK-troppen

(NPK-NTB): John Arne Riise er med i troppen til Aalesund som møter Haugesund i eliteserien laurdag. Den tidlegare landslagsbacken startar sannsynlegvis på benken.

Det skriv Sunnmørsposten fredag.

Riise vart klar for Aalesund like før seriestarten sist helg, men rakk ikkje premieren mot Stabæk, ein kamp AaFK vann 1– 0.

Laurdag er det klart for bortekamp mot Haugesund, men etter fleire månader utan kamptrening er det sannsynleg at Riise startar på benken.

– Om han spelar frå start får vere ein intern løyndom, seier trenar Trond Fredriksen til avisa.

Riise spelte sist i den indiske ligaen for Dehli Dynamos, og var sist på banen like før jul. Etter kampen mot Haugesund får 35-åringen ein solid treningsperiode før Aalesund spelar heime mot Brann 3. april.

– Den tida skal han nytte godt, seier Fredriksen.

Riise har aldri spelt på toppnivå i norsk klubbfotball. Den siste kampen hans for Aalesund var i 1998, før han gjekk til Monaco.

Etter det har han spelt for klubbar som Liverpool, Roma og Fulham. (©NPK)