Riise møtte pressa: – Føler eg har skuffa ein del folk

(NPK-NTB): Det var mange brikker som måtte på plass for å få John Arne Riise speleklar for Aalesund. Han føler at han har skuffa ein del rundt seg med avgjerda om å gi seg.

35-åringen offentleggjorde måndag morgon at gir seg i Aalesund frå dags dato. Seinare same dag møtte han pressa for første gong etter sjokkbeskjeden.

– Eg føler at eg har skuffa ein del folk med denne avgjerda. Mange har jobba for å få dette til å funke. Henrik (Hoff) og klubben, og dei rundt meg. Det er den kjipe delen av det. Eg likar ikkje å skuffe andre, men eg må tenkje på meg sjølv, min karriere og mi framtid. Det har ikkje vore noko enkelt val, sa Riise.

Han fortalde vidare at han køyrde frå Oslo til Ålesund natt til måndag.

– Då eg ikkje snakka med kona på sju timar slo det meg kor tøft dette var, fortalde han.

Fleire skreiv at AaFK-spelaren la fotballkarrieren på hylla, men det er nødvendigvis ikkje sikkert.

– Eg ser at media skriv at eg legg opp. Kva framtida bringar veit ein ikkje. Plutseleg kjem det noko eg ikkje kan si nei til. Slik det ser ut no, har eg spelt min siste seriekamp, sa Riise.

– Det er ikkje noko eg tenkjer på no, la han til.

– Etter ønske frå John Arne har vi akseptert å terminere kontrakten. Grunngjevinga John Arne har gitt oss er at det går på motivasjon. Det er grunngjevinga, og den har vi akseptert. Det er trist og leit. Vi hadde håp at han skulle spele iallfall ut 2016 og kanskje lenger. Vi ønskjer John Arne lykke til vidare. John Arne kjem til å bidra framover for AaFK. Vi treffest heilt sikkert titt og ofte. Det blir nok eit fruktbart samarbeid framover, sa Hoff. (©NPK)

Annonse